Voss herad 2020 er nemninga

Prosjektleiar Arild M. Steine møtte fredag for første gong i Fellesnemnda som prosjektleiar for Voss herad 2020.

 

Møtet på Voss 19. januar var det første møtet i Fellesnemnda i 2018. Mellom orienteringar kring styringsdokument, arbeidet i arbeidsruppene, høyring om Oksenhalvøya og invitasjon til Hardingtinget, var det nemninga på prosjektet som var saka som skulle til handsaming.

Til no har samanslåinga bore namnet Nye Voss 2020, men etter at det er vedteke at den nye kommunen skal heita Voss herad, er det no bestemt at samanslåinga av Voss og Granvin skal omtalast som Voss herad 2020 fram til den nye kommunen er etablert 1. januar 2020.

Neste møte i Fellesnemnda er 16. februar. Då er det også møte i partssamansett utval (PSU).