Høyring av kommuneplan for Voss herad 2020 -2032

Framlegg til kommuneplan for Voss herad er lagt ut til offentleg høyring. Me ynskjer synspunkt og merknadar til planframlegget. Her finn du saksframlegg med fellesnemnda sitt vedtak og framlegg til ny plan.

Fellesnemnda for Voss og Granvin gjorde i møte 19.9.19 (sak 35/19) vedtak om å leggje framlegg til kommuneplan 2020 - 2032 (samfunnsdelen og arealdelen) ut til offentleg ettersyn, i medhald av plan og bygningslova § 11 - 14.

Samfunnsdelen inneheld mål og strategiar for ulike tenesteområde i den nye kommunen. Arealdelen (plankarta) med utfyllande føresegner viser korleis kommunen vil disponera areal og naturressursar i planperioden. Arealdelen med føresegner vil ha direkte retssverknadar. Det er i tillegg utarbeida ulike temakart som vedlegg til planen.

Etter at planen har vore ute til offentleg ettersyn vil den til ny politisk handsaming og endeleg godkjenning i Voss heradsstyre.

Me ynskjer no at innbyggjarar, organisasjonar, nabokommunar, fylkeskommune og statlege etatar kjem med uttalar og merknadar til planframlegget. Kommunen vil halda folkemøte og orientere om planframlegget på Vangen (Tinghuset), Granvin, Evanger og Sundve. Møta vil verte kunngjorte på førehand.

Høyringsframlegget, saksutgreiinga og protokoll frå fellesnemnda si handsaming kan du finne under folder Høyringsdokument til kommuneplan for Voss herad . Her finn du kommunekart som syner kommuneplanen.  Planen vil og vera tilgjengeleg i papirformat i servicetorget på Tinghuset.

Merknadar til planframlegget må sendast Voss kommune innan 20. desember 2019 på e-post eller brevpost;
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 
Voss kommune, pb 145, 5701 Voss
Du kan og levere det på servicetorget.