Ved bekymring for eit barn

Korleis vi skal arbeide med barn «vi lurer på»

Mål:

  • Arbeidet skal bidra til å gje born trygg oppvekst
  • Arbeidet skal bidra til at born og foreldre/føresette har ei positiv oppleving av møte med kommunen.  

1a

Vi startar alltid med kva vi kan gjera innafor eiga verksemd.

  • Skaffa ein heilskapleg oversikt gjennom informasjon om/observasjon av barnet.
  • Utarbeida enkle målbare mål med klare tidsavgrensingar.
  • Visa at vi bryr oss om barnet/ungdomen – skapa gode relasjonar.
  • Evaluera om barnet/ungdomen nyt godt av våre tiltak eller ikkje.

1B

Vi startar alltid med eit samarbeid med den andre føresette eller andre ressurspersonar rundt barnet.

  • Dette vert gjort med ein kort, planlagt samtale.
  • Vi er bevisste på tidspunktet for når vi startar dette samarbeidet. Det betyr at det ikkje går lang tid frå bekymring oppstår til foreldre/føresette vert involvert.
  • Hugseregel: Foreldre/føresette har rett til å vita!
  • Dokumentera starten på samarbeidet med foreldre/føresette ved å skriva eit notat frå samtalen med dato og underskrift.

2a

Føresette fungerer tilfredsstillande i foreldrerolla og barnet sine behov vert ivareteke på ein god nok måte.

  • Vi held fokus på familien og barnet i kontakten med den føresette for å forsikra oss om at den positive utviklinga fortset.

2B

Vidare samarbeid når føresette ikkje klarar å ivareta barnet sine behov.

  • Vi inviterer føresette eller andre viktige vaksne for barnet til eit møte. Fokus er kva treng barnet, kva treng føresette for å ivareta barnet sitt. (Nettverksmøte)
  • Det vert utarbeida skriftleg informasjon frå møtet, med konklusjon og tydeleg avklaring i høve til kven som skal gjera kva, og når evaluering skal skje.
  • Ein – eller fleire – oppfølgings-samtalar vert gjennomført. Det vert skrive referat frå samtalane. 

3a

Samarbeidet har ikkje ført til at den vaksne ivaretek barnet sitt betre og barnet har ikkje fått det betre.

  • Vi stoppar opp og tenkjer høgt saman med foreldre/føresette:» Her kjem vi ikkje lenger. Barnet har ikkje fått det betre gjennom samarbeidet så langt. Kva alternativ fins for vidare arbeid?»
  • Det vert semje om eit samarbeid med helsestasjon, PPT, barnevern, BUP, barnet sin fastlege, NAV, skule, barnehage eller andre fagpersonar.
  • Hugs underskrift frå føresette på vårt felles samtykkjeskjema.  
  • Tilbod om IP gjevast.

3B

4a

Dei føresette samtykkjer til å søkja hjelp frå andre fagpersonar.

  • Vi held kontakt med dei føresette for å forsikra oss om at den positive utviklinga fortset.

4B

Foreldre/føresette samtykkjer ikkje  til å søkja hjelp frå andre fagpersonar.

  • Bekymringsmelding vert sendt til barneverntenesta.
    NB! Alle offentlege tilsette har meldeplikt ved bekymring for barn sin omsorgssituasjon.