Oversikt over tverrfaglege samarbeidsarenaer

Her er ei oversikt over møte som vert gjennomført mellom fagpersonar i Voss kommune.

Barnehage- og skuleteam

Alle barnehagane og skulane i Voss kommune har barnehage- og skuleteam. Desse er samansett av leiar i barnehagen/skulen, representant frå barnevern, helsestasjon og PPT.

  • Målet for barnehage- og skuleteama er å bidra til at born som av ulike grunnar treng ekstra
    oppfølging, stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp.
  • Gjere det enklare å ta kontakt for råd og rettleiing før vanskane vert for store.
  • Gjere hjelpetenestene meir synlege for samarbeidspartar og brukarane.

Teama har møte minimum 2 gonger kvart halvår. Det vert òg gitt tilbod om tverrfagleg helsestasjonsteam. Dette er eit samarbeid mellom barnehage, helsestasjon og barnevern. Målet for arbeidet er å sikre at sped- og småbarn får tidleg og kompetent hjelp. Andre samarbeidspartar kan bli kalla inn ved behov.
For meir informasjon kan du ta kontakt med styrar/rektor i aktuell barnehage/skule.

Ressursteam for vidaregåande skule

Helsesøster deltek i ressursteam i vidaregåande skule i samarbeid med skuleleiing og OT/PPT (oppfølgingstenesta og pedagogisk psykologisk teneste). Ressursteamet er eit rettleiings- og drøftingsforum for pedagogiske problemstillingar. Teamet skal medverke til å styrke den spesialpedagogiske/pedagogiske kompetansen og ta initiativ til førebyggande arbeid.

Samarbeidsmøter om enkeltbarn

Eit samarbeidsmøte er eit møte for drøfting av utfordringar eller bekymringar knytt til eit barn si utvikling, kor ein har behov for å få belyst barnet sin situasjon frå ulike fagpersonar sin ståstad. Samtykke frå foreldre/føresette er ein føresetnad for at ulike aktørar kan utveksle informasjon om barnet. I dei aller fleste saker vil det vere naturleg at føresette og eventuelt ungdomen sjølv deltek på møtet. Unntaksvis har samarbeidsaktørane møte utan at foreldre/føresette deltek. Då skal dette avklarast i forkant av møtet, og formålet med eit slikt møte vil vere å avklare kva tenester som skal bidra og avklare ansvarsforhold.

Ansvarsgruppe

Ansvargruppe skal sikre at barn og unge med samansette hjelpebehov får eit koordinert og heilskapleg tilbod som er individuelt tilpassa. Det er koordinator av ansvarsgruppa som er ansvarleg for å kalle inn til møte. Møtehyppighet vil variere, men 2 til 3 møter kvart år er vanleg. Kven som skal delta på møta vert avklart utifrå barnet eller ungdomen sin situasjon. Sjå meir informasjon på linken Tenester for born og unge - Voss kommune.

Individuell plan (IP)

Personer som har behov for langvarig, samansette og koordinerte helse- og omsorgstenester, tenester frå NAV eller barneverntenesta, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal beskrive kva behov ein person har for ulike tenester på eit bestemt tidspunkt og korleis desse behova skal møtast på ein best mogleg måte. Planen skal også sjå fram i tid og beskrive langsiktige mål for den personen planen gjeld for. Søknad om IP skal sendast Koordinerande eining ved Tildelingskontoret i kommunen. Sjå meir informasjon på linken Tildelingskontoret - Voss kommune.

Overføringsmøter mellom barnehage og skule

Barnehagane tek kontakt med skulane i god tid og avtalar møtetidspunkt når barn med omfattande hjelpebehov skal byrje på skulen. I møtet vert naudsynt informasjon overlevert frå barnehage til skule. Foreldre /føresette har i forkant samtykka til kva informasjonen om barnet som skal overførast. Sjå også generell informasjon om overgang frå barnehage til skule (på Voss kommune si heimeside)

Leiarmøte

Skuleleiarane, barnehageleiarane (i kommunale og private barnehagar), PPT-leiar, leiar Barneverntenesta, leiar Helsestasjon- og skulehelsetenesta og leiar Integrering og vaksenopplæring har faste månadlege leiarmøte der ulike tema vert drøfta.