Risikofaktorar og vernande faktorar

Risikofaktorar primært knytt til kjernefamilien

  1. Moderat eller alvorleg grad av psykiske lidingar hjå foreldra (personlegheitsforstyrringar, depresjonar, bipolare lidingar og psykosar)
  2. Langvarig høgt konfliktnivå mellom foreldra og/ eller mellom foreldra og deira sosiale nettverk/slekt.
  3. Foreldre som har vakse opp med omsorgssvikt, overgrep og/eller mishandling
  4. Foreldre som har ein svak og/eller skadeleg omsorgsutøving overfor barnet
  5. Vald i familien
  6. Nåtidig eller tidlegare kriminalitet hjå foreldra
  7. Rusmiddelmisbruk hjå foreldra
  8. Lang og/eller fleire brot frå mor (spesielt vert rekna brot som varer meir enn ei veke i barnet sitt fyrste leveår.)
  9. Foreldre som er arbeidsledige eller sporadisk knytt til arbeidsmarknaden, eller som er uføretrygda
  10. Fleire enn tre flyttingar frå barnet er tre år til 18 år gamalt (må innebere brot med venner, skifte av barnehage og/eller skule)
  11. Samlivsbrot mellom foreldre
  12. Foreldre som inngår i nytt parforhold
  13. Familien har uavklart opphaldsstatus i landet
  14. Familien er stigmatisert/ tilhøyrar ein lite ansett etnisitet

Risikofaktorar primært knytt til systema ut over kjernefamilien

  1. Eit belasta nærmiljø med mykje arbeidsledighet, kriminalitet og rusmiddelmisbruk
  2. Ein barnehage eller skule som er prega av høgt sjukefråver eller utskiftingar av tilsette, lite struktur og dårleg kontakt mellom vaksne og barn

Risikofaktorar primært knytt til barnet

  1. Født prematurt og med låg fødselsvekt
  2. Ei generell utviklingsforseinking / lågt intellektuelt nivå / har syndrom / ein hjerneorganisk skade
  3. Er impulsiv, hyperaktiv, har merksemds- og konsentrasjonsvanskar (kan vere knytt til vanskeleg temperamentsstil eller vanskar som ADD, hyperaktivitet, ADHD, utviklingshemning eller autisme. Om dei to siste førekjem, skal ikkje denne renast som å førekome, då den vert dekka av nummer 2)
  4. Er sky, aktivt tilbaketrekkende og verkar generelt utrygg. (kan inngå i reservert temperamentsstil og angstlidingar)
  5. Psykiske liding (det inneber at diagnose er stilt. Om nummer 5 kryssast av, krysses det ikkje av for nummer 3 eller 4)
  6. Utsett for omsorgssvikt, mishandling, seksuelle overgrep og/ eller utnytting
  7. Fleire alvorlege somatiske sjukdomar i førskulealder som har innebært a) at barnet har vore innlagt fleire gangar og/eller for ein lengre periode, b) at det har vore fare for barnet sitt liv, c) at det har ledet til betydelege restriksjonar for kva barnet har kunne delta på av aktiviteter og typar av arenaer.
  8. Utrygg tilknytingsstil
  9. Vanske med å etablere aldersadekvate venskap (gjelder spesielt frå femårsalderen av)
  10. Relasjonsbrot til personer som barnet står nær, som foreldre, sysken, venner osv.
  11. Utsett for alvorleg mobbing av minst eitt års varighet
  12. Mister foreldre eller sysken i dødsfall – spesielt sjølvmord (det skal ikkje kryssast av for nummer 10 om det gjeld same relasjon som det vert kryssa av for ved nummer 12)
  13. Adoptert (jo eldre barnet var ved adopsjon, jo dårlegare kvaliteten har vore på omsorga før adopsjon og om det har vore rusmisbruk, dårleg ernæring og/eller mykje stress i mors liv under svangerskapet, desto alvorlegare er risikofaktoren)
  14. Fosterheimsplassert (det er eit betydeleg tal av alvorlege risikofaktorar som ligg til grunn for fosterheimsplassering, samt at plassering i seg sjølv inneber relasjonsbrot som kan ses som eit traume)
  15. Rusmiddelmisbruk hjå barnet/ungdomen

Vernande faktorar primært knytt til kjernefamilien

  1. Foreldre med god omsorgsutøving
  2. Foreldre som har høgskuleutdanning eller høgare og er i jobb (eller under utdanning)
  3. Eit godt forhold til og jamleg kontakt med sine søsken (om søsken har store vanskar, gjelder ikkje dette punktet)

Vernande faktorar primært knytt til systema ut over kjernefamilien

  1. Einigheit om de grunnleggande verdiane i oppfostringa av barnet mellom dei som er aktive i omsorga for barnet (for eksempel foreldre, besteforeldre, barnehage)
  2. Ein barnehage eller skole preget av innkludering av barnemangfaldet, gode relasjonar mellom de tilsette og barna, ein klar struktur og god kontakt mellom barnehage/ skule og heimen
  3. Ved nærvær av mange risikofaktorar: å ha tilgang til støttande vaksne i det offentlege som har hyppig og langvarig kontakt med barnet
  4. Foreldre som engasjerer seg i barnet sin skulegang

Vernande faktorar primært knytt til barnet

  1. Aldersadekvate kompetanse (kognitiv, språkleg, sosial, emosjonell, åtferd, moral, motorikk)
  2. Har hobbyar og interesser det utfolder seg i, og/eller talentar det får god tilbakemelding på
  3. Planlegger sin egen livssituasjon (framtidsorientering) (gjelder for barn over tolv år)
  4. Fråvær av psykiske lidingar
  5. Interesserer seg for og tilpassar seg skulen sine krav og har gode til betre skulefaglege prestasjonar
  6. Ei tru/overtyding (religiøs tru eller emosjon av samanhengar i livet, å sjå seg sjølv som ein viktig del av ein større heilskap) (gjeld for barn over tolv år)
  7. Ei aktiv mestring ved utfordringar

( Kjelde / henta og utleidd frå « Barn i risiko – skadelige omsorgssitiasjoner, Øyvind Kvello, Gyldendal 2012)