Oversikt over møteplassar og tiltak for barn og unge i Voss kommune

Innleiing

Tiltaksvifta er laga for å gi ei samla oversikt over tverrfaglege møteplassar og tiltak for barn og unge i Voss kommune. Den omfattar tiltak og møte som skjer i Voss kommune, men inkluderer ikkje andre tiltak og møte som er i regi av spesialisthelsetenesta eller frivillig sektor. Formålet med å lage ei slik oversikt er å gjere det enklare for både føresette og tilsette å finne ut kva tilbod som finst for deira barn eller ungdom i Voss kommune.

Slik er tiltaksvifta bygd opp

Del 1 inneheld ei beskriving av tverrfaglege samarbeidsarenaer, både faste møtepunkt og møte som vert oppretta rundt einskilde barn og unge.

Del 2 er ei opplisting av tiltak og program til barn og unge i Voss kommune. Korleis ein kan få tilgang til tiltaka (kor søknad skal sendast, om det vert krevd vedtak, osb.) vert beskrive under kvart einskilt tiltak.

Del 1: Oversikt over tverrfaglege samarbeidsarenaer.

Her er ei oversikt over møte som vert gjennomført mellom fagpersonar i Voss kommune:

Barnehage- og skuleteam

Alle barnehagane og skulane i Voss kommune har barnehage- og skuleteam. Desse er samansett av leiar i barnehagen/skulen, representant frå barnevern, helsestasjon og PPT.

  • Målet for barnehage- og skuleteama er å bidra til at born som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging, stimulering og omsorg, får god- og tidleg hjelp
  • Gjere det enklare å ta kontakt for råd og rettleiing før vanskane vert for store
  • Gjere hjelpetenestene meir synlege for samarbeidspartar og brukarane

Teama har møte minimum 2 gonger kvart halvår. Det vert òg gitt tilbod om tverrfagleg helsestasjonsteam. Dette er eit samarbeid mellom barnehage, helsestasjon og barnevern. Målet for arbeidet er å sikre at sped- og småbarn får tidleg og kompetent hjelp. Andre samarbeidspartar kan bli kalla inn ved behov.

For meir informasjon kan du ta kontakt med styrar/rektor i aktuell barnehage/skule.

Ressursteam for vidaregåande skule

Helsesøster deltek i ressursteam i vidaregåande skule i samarbeid med skuleleiing og OT/PPT (oppfølgingstenesta og pedagogisk psykologisk teneste). Ressursteamet er eit rettleiings- og drøftingsforum for pedagogiske problemstillingar. Teamet skal medverke til å styrke den spesialpedagogiske /pedagogiske kompetansen og ta initiativ til førebyggande arbeid.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61

Samarbeidsmøte om enkeltbarn

Eit samarbeidsmøte er eit møte for drøfting av utfordringar eller bekymringar knytt til eit barn sin utvikling, kor ein har behov for å få belyst barnet sin situasjon frå ulike fagpersonar sitt ståsted. Samtykke frå foreldre/føresette er ein føresetnad for at ulike aktørar kan utveksle informasjon om barnet. I dei aller fleste saker vil det vere naturleg at føresette og eventuelt ungdomen sjølv deltek på møtet. Unntaksvis har samarbeidsaktørane møtet saman utan at foreldre/føresette deltek. Da skal dette avklarast i forkant av møtet, og formålet med eit slikt møte vil vere å avklare kva tenester som skal bidra og avklare ansvarsforhold.

Ansvarsgruppe

Ansvargrupper skal sikre at barn og unge med samansette hjelpebehov får eit koordinert og heilskapleg tilbod som er individuelt tilpassa. Det er koordinator av ansvargruppa som er ansvarleg for å kalle inn til møte. Møtehyppighet vil variere, men 2 til 3 møte kvart år er vanleg. Kven som skal delta på møtet vert avklart utifrå barnet eller ungdomen sin situasjon. Sjå meir informasjon på linken Tenester for born og unge - Voss kommune

Individuell plan (IP)

Personer som har behov for langvarig, samansette og koordinerte helse- og omsorgstenester, tenester frå NAV eller barneverntenesta, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal beskrive kva behov ein person har for ulike tenester på eit bestemt tidspunkt og korleis desse behova skal møtast på ein best mogleg måte. Planen skal også sjå fram i tid og beskrive langsiktige mål for den personen planen gjeld for. Søknad om IP skal sendast Koordinerande eining ved Tildelingskontoret i kommunen. Sjå meir informasjon på linken Tildelingskontoret - Voss kommune .

Overføringsmøte mellom barnehage og skule

Barnehagane tek kontakt med skulene i god tid og avtaler møtetidspunkt når barn med omfattande hjelpebehov skal byrje på skule. I møtet vert naudsynt informasjon overlevert frå barnehage til skule. Foreldre /føresette har i forkant samtykka til kva informasjonen om barnet som skal gis på møtet. Sjå også generell informasjon om overgang frå barnehage til skule på linken http://www.voss.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=11308&FilId=15712 .

Del 2: Tiltak og program

Denne delen inneheld ein oversikt over ulike tiltak og programmer for barn og unge i Voss kommune. Det er oppgitt kontaktinformasjon, slik at det er mogleg å undersøke nærmare eller ta kontakt med den aktuelle tenesta for meir informasjon.

Parent-Management-Training-Oregon/Tidleg-innsats-for-barn-i-risiko (PMTO/TIBIR)

PMTO/TIBIR er ein arbeidsmodell for førebygging og behandling av åtferdsvanskar i ulik grad hjå barn i alderen 3-12 år. PMTO er eit tilbod til foreldre med barn med åtferdsvanskar, eller samspelsvanskar barn-foreldre.
I TIBIR (tidleg-innsats-barn-i-risiko) kan tilsette i barnehage og skule/SFO få rettleiing i høve utfordrande barnegrupper/klassar. Det kan og arbeidast direkte med einskildbarn i barnehage og skule som eit supplement til anna arbeid. PMTO/TIBIR-arbeid er etablert som ein tverrfagleg arbeidsmodell.

Mål for PMTO/TIBIR i Voss kommune:

  • Tidleg innsats for å førebyggja åtferdsvanskar hjå barn
  • Eit lågterskeltilbod
  • Ein del av det eksisterande tilbodet
  • Det skal vera eit tverrfagleg samarbeidstiltak

Sjå meir informasjon på www.pmto.no. Ved spørsmål, ta kontakt med TIBIR koordinator Berit Lid Sekse på telefon 56 51 47 80.

International Child Development Program (ICDP)

ICDP er eit foreldrerettleiingsprogram frå Barne og ungdoms direktoratet (Buf-etat). ICDP-programmet er eit ressurs- og relasjonsbasert program, der ein har fokus på foreldra si empatiske identifikasjon med barnet og på barnet sine behov for tilknyting, rettleiing og regulering. Programmet er utvikla i Noreg av professor emeritus Karsten Hundeide og professor emeritus Henning Rye ved Universitetet i Oslo. Programmet er enkelt og nyttast i det helsefremmande og primærførebyggjande arbeidet, men er også vidareutvikla slik at det kan nyttast i høve til målgrupper med særskilte utfordringar. 
 
ICDP-programmet  er i Voss kommune implementert som eit  tilbod for foreldre med minoritetsbakgrunn. Det blir arbeidd med å gjere foreldra medvitne på eigne kulturelle verdiar og måtar å gje omsorg til barn, samtidig som ein fokuserer på å skulle utøve desse verdiane her i Norge. Foreldra blir samla i grupper for å samtale og utveksle erfaringar. Gruppene blir leia av to rettleiarar: ein som tilhøyrar same etniske gruppe som deltakarane, samt ein norsk rettleiar. Samtalane føregår i hovudsak på deltakarane sitt morsmål. Samtaleheftet som vert nytta i gruppene, 8 tema for godt samspel, er omsett til 12 ulike språk.

Sjå meir informasjon på linken Beskrivelse og vurdering av tiltaket International Child Development Programme (ICDP) – Program for foreldreveiledning | Ungsinn.
Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40.

Agression Replacement Training (ART)

ART er ein gruppebasert strukturert pedagogisk opplæringsmetode som har vist seg å være eit effektivt reiskap i førebygging, reduksjon og erstatning av aggressiv åtferd hjå barn og ungdom. ART retter seg hovudsakleg mot barn og ungdom som står i fare for å utvikle åtferdsvanskar (primærførebyggande) og personer som har utviklet åtferdsvanskar (sekundærførebyggande av vidare negativ utvikling). Det har også vist seg at også barn og ungdom med adekvat åtferd kan dra stor nytte av øvingane. Hensikta med øvinga er å betre deltakaranes evne til å fungere sosialt og redusere sinne. Øvingane vektlegger å finne frem til alternative måtar å handle på som virker for kvar person, gjennom rollespillbasert trening. ART er et multimodalt program, som betyr at det inneheld komponentar som fokuserer på ulike aspekt ved sosial fungering. Følgande tre komponentar inngår i programmet: Sosial ferdighetstrening, sinnekontrolltrening og trening i moralsk resonnering.

Sjå meir informasjon på ekstern pdf-fil: ART (Aggression Replacement Training)
Ved spørsmål, ta kontakt med barneverntenesta på tlf 56 52 13 10.

Marte Meo

Metoden vert i hovudsak brukt for å styrke og utvikle samspelet mellom foreldre og barn. Målet er å gi hjelp til sjølvhjelp. Marte Meo rettleiing vert brukt førebyggande i arbeid på helsestasjon og som tiltak/behandling innanfor barnevern, fosterheim, barne- og ungdomspsykiatrien og habiliteringa (barn med spesielle behov). Dei seinare åra har metoden blitt vidareutvikla og vert nå også brukt bl.a. innanfor familieterapifeltet og i barnehagar. Metoden er system- og ressursorientert, bygger blant anna på kunnskap frå nyare spedbarnsforsking, på "empowerment"-tankegang og på løysningsfokusert tilnærming (LØFT). Video vert nytta som hjelpemiddel.

Sjå meir informasjon på linken www.martemeo.no
Ved spørsmål, ta kontakt med barneverntenesta på tlf 56 52 13 10.

COS Parenting (COS-P)

Tiltaket rettar seg mot foreldre og barn og har som mål å fremme trygg tilknytning. COS har til hensikt å lære foreldre kva barn treng for å utvikle trygg tilknytning, og å hjelpe foreldre til å bli bevisste eigne utfordringar i å imøtekome barnet sitt tilknytingsbehov. Tema som inngår i COS er mellom anna:

  • Gjennomgang av COS sirkelen knytt til barn og foreldre sitt daglegliv
  • Fokus på barn sine emosjonelle behov og korleis den vaksne kan møte desse
  • Korleis foreldre kan hjelpe barnet med emosjonsregulering og korleis tolke barnet sitt uttrykk
  • Ønskjer å hjelpe omsorgspersonene til å utforske sin eiga sårbarhet

Sjå meir informasjon på ekstern pdf-fil: Circle of Security (COS) International - Parenting .
Ved spørsmål, ta kontakt med barneverntenesta på tlf 56 52 13 10.

Tenester innan rus og psykiatri

Rus- og psykiatritenesta har kommunedekkande funksjon, og skal gi koordinerte og samordna tenester til personar med psykiske eller rus-relaterte lidingar. Eininga skal med solid kompetanse og fleksibel tilpassing bidra til auka livskvalitet, verdigheit og meistring.
Dei fleste av oss vil oppleva psykiske helseplager ein eller fleire gonger i livet. Heldigvis finst det god hjelp å få, og for dei fleste løyser problema seg. Det viktigaste du kan gjera når du har det vanskeleg er å vera open om det. Sjansen for at du vert bra er større om du ber om hjelp tidleg. I avdelinga arbeider det sjukepleiarar, vernepleiarar, barnevernspedagog, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar og assistent. Personalet vårt har vidareutdanning innan psykisk helse, rusproblematikk, barnevern, etnisitet og kommunikasjon.
Me arbeidar tett saman med andre avdelingar og spesialisthelsetenesta. Me vil hjelpa deg å nå måla dine. Det kan vera å meistra angst gjennom å utfordra deg sjølv i situasjonar du er redd for. Me støttar deg i tiltak slik som å redusera inntak av rusmidlar, planleggja gjeremål, eller utføra husarbeid. Me er gjerne med i førebuingane til møte med fastlege, psykolog, NAV eller behandlar. 

Sjå meir informasjon på linken Tenester innan rus og psykiatri - Voss kommune.

Etter skuletid

Er eit tverrfagleg samarbeid mellom kulturavdelinga og barnevernstenesta. Målgruppa er ungdomsskuleelevar på Voss, og vi er spesielt interessert i dei unge med lite, ingen eller negativt nettverk. «Etter skuletid» er ope i Ungdomshuset kvar tysdag frå kl. 1430-1900. Ungdommane kan kome innom for ein prat, bli kjent med nye folk, gjere lekser, ete middag og slappe av. Tilbodet er for alle. Dersom pågangen blir stor, må ein vurdere å dele opp tilbodet på ulike dagar.

Målsetjing med tiltaket er:

  • Vera ein trygg arena for ungdommen, der det alltid er vaksne til stades i fellesromma
  • Ungdommen får høve til å heve sin sosiale kompetanse gjennom samspel med jamaldringar auka meistring gjennom samspel og positive erfaringar
  • Støtte ungdommen til å delta på andre aktiviteter i Voss kommune, som for eksempel Gryto
  • Vera vaksne som kan bidra til at ungdommane får eit større positivt nettverk
  • Ungdommar med fritidskontaktar kan etablere seg eit nettverk
  • Gratis enkel middag

For meir informasjon, ta kontakt med tilsette på Ungdomshuset - Voss kommune.
Ungdomskoordinator kan treffast på tlf 952 15 630 og Barneverntenesta på tlf 56 52 13 10.

Barnetreffet

Barnetreffet er eit samarbeidsprosjekt mellom helsestasjon, barnevernsteneste og Røde Kors. Barnetreffet blir arrangert på Røde kors-huset kvar tysdag frå kl. 11.00 til 14.00. Under treffet kjem ofte foreldre med spørsmål om aktuelle ting som dei er opptekne av i samspelet med barna. Fagpersonar som helsesøster, foreldrerettleiarar, barnehagepersonell, fysioterapeut, tannpleier mfl. er jamleg til stades og bidreg med nyttige råd og tips. I denne gruppa blir du kjent med andre foreldre som har barn. Her kan du reflektere og få påfyll rundt tema om barneoppdraging og gjera noko saman med barna. Det vert også servert eit felles lunsj måltid.

For meir informasjon, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40.

Helsestasjon og skulehelsetenesta

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ein del av kommunehelsetenesta som utfører planmessig helsefremjande og førebyggande helsearbeid for born 0-6 år, skuleborn 6-16 år, og for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.
 
Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivnad, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møte i kvardagen, samt førebygge sjukdom og skade.
 
Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i kommunen.

Helsesøster har trefftid på alle skular i Voss kommune. Sjå informasjonsskrivet til skulen eller itslearning for å finne ut kva tid helsesøster er å treffe på skulen.

Sjå meir informasjon på linken Helsestasjon og skulehelsetenesta - Voss kommune
Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40.

Helsestasjon for ungdom

På helsestasjon for ungdom møte du helsesøster, lege og psykolog som du kan snakke med om emne du er oppteken av. Tilbodet er gratis, og dei tilsette har teieplikt.

Døme på ting du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen/mobbing
  • At du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjon
  • Slanking og etevanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien                                       
  • På helsestasjon for ungdom har me eigen kø for gutar. 

Me kan òg hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvising til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Prøvar på og behandling av kjønnssjukdomar

Sjå meir informasjon på linken Helsestasjon for ungdom - Voss kommune.
Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40.

Kommunepsykolog

Helsestasjon- og skulehelsetenesta kan tilby psykologteneste. Det er eit lågterskeltilbod, der ein kan få time utan tilvising frå fastlege. Tilbodet er for alle brukarane av helsestasjon- og skulehelsetenesta i alderen 0-20 år.
Psykologtenesta skal vere tidleg hjelp og ein ressurs for barn og foreldre. Psykolog kan også vurdere behov for meir omfattande hjelp over lengre tid hjå andre tenester som PPT og BUP.

Sjå meir informasjon på linken Kommunepsykolog - Voss kommune .
Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40.

Trenings- og støttekontakt

Ein støttekontakt skal hjelpa eit anna menneske til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Støttekontakten kan koma på heimebesøk, bli med på kafé, kino, trening eller andre aktivitetar. Du kan søkja om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller koma ut av ei isolert tilvere. Støttekontakten får godtgjersle frå kommunen.
Støttekontakten tilbyr bl.a. sosialt samvær etter behov og følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på den enkelte brukars ynskjer, behov og føresetnadar.

Tenesta kan organiserast på tre måtar:

  • Individuell støttekontakt
  • Deltaking i ei aktivitetsgruppa
  • Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon

Støttekontaktverksemda vert utøvd av privatpersonar utan spesiell fagbakgrunn.

Sjå meir informasjon på linken Trenings- og støttekontakt - Voss kommune
Ved spørsmål, kan du ta kontakt med tildelingskontoret på tlf 56521300.

Miljøarbeider i heimen

Miljøarbeider frå barneverntenesta /helsestasjon kan rettleie og støtte foreldre i deira omsorg for eigne barn. Råd- og endringsarbeid er ein viktig del av jobben. Hyppigheit varierer frå ein til fleire gonger kvar veke over ein tidsavgrensa periode. Tilbodet vert gitt som lågterskeltilbod frå helsestasjonen. Hjå barneverntenesta vert tilbodet gitt til barn og familiar som har vedtak på hjelpetiltak.

Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40 eller barneverntenesta på tlf 56 52 13 10.

Avlasting

Menneske med nedsett funksjonsevne som bur heime kan få avlasting i eit avgrensa tidsrom slik at dei som har den daglege omsorga kan få avlasting. Omsorgsytar får avlasting slik at omsorga for den omsorgstrengande fortsatt kan takast hand om i heimen.
Sjå meir informasjon på linken Avlasting i kommunal bustad eller privat heim - Voss kommune.
Ved spørsmål, kan du ta kontakt med tildelingskontoret på tlf 56521300.

Ungdomshuset

Ungdomshuset (UHV) er eit tilbod til ungdom frå vidaregåande skule og oppover. Huset er drive av ungdommar, og har eit eige styre på 5-7 medlemmar som tek seg av den daglege drifta. Huset ligg sentralt midt på Vangen like ved Tinghuset. UHV er eit rusfritt tilbod. Nytt styre vert valt av ungdommane sjølve kvar haust.
 
UHV er fyrst og fremst ein uformell møtestad for ungdommane, der dei kan møtast til ein prat, lekselesing, kafédrift og sosialt omgjenge. Utover dette kan huset by på mellom anna filmkveld, dataspel og kortspel, samt sandvolleyball i sesongen. Aktivitetane kan variera noko etter ynskje og interesse, og det er høve til å koma med ynskje om nye aktivitetar.
Ope: Kvar onsdag kl. 16.00-22.00, samt nokre fredagar og laurdagar. 

UHV har tilsyn av ein ungdomskoordinator. Ungdomskoordinatoren er elles bindeledd mellom ungdommen og kommunen.
Sjå meir informasjon på linken Ungdomshuset - Voss kommune. Ungdomskoordinator kan treffast på tlf 952 15 630.

Utekontakten

Utekontakten arbeider førebyggande blant born og unge i Voss kommune. Arbeidet er tufta på grunnprinsippet om at hovuddelen av arbeidet skal skje i form av oppsøkjande arbeid på stader der ungdom er samla på fritida.   
Størstedelen av arbeidet skjer på kveld og i helger. Utekontakten er såleis kanskje det viktigaste sosialfaglege tilbodet til ungdom som elles ikkje vil oppsøkja det kommunale hjelpeapparatet innanfor ordinær kontortid. Utekontakten samarbeider med ulike kommunale etatar, og dessutan politi, vidaregåande skule, helsetenester, frivillige organisasjonar med fleire. Utekontakten har kontor i Ungdomshuset Voss.

Sjå meir informasjon på linken Utekontakten - Voss kommune .
Utekontakten kan nåast på fylgjande mobilnummer: 952 15 630, 413 07 702 eller 905 26 906.

Vangsgryto

"Gryto" er ein kommunal ungdomsklubb som held til i kjellaren i Sosialbygget (Miltzowsgate 2).  

  • Enkel og rimeleg matservering

  • Du kan spela biljard, bordtennis og airhockey, og her er videokanon/playstation med tilgang til mange aktivitetsspel osb.

  • Lesa aviser i aviskroken

  • Slappa av i eige fjernsynsrom

  • Spela musikk på musikkanlegget

  • Treffa ungdomsarbeidarar som kan rettleia deg viss du ynskjer ein prat om det å spela i musikkband (rock, osb.)

  • Rettleiing innanfor motoraktivitetar

  • Slå av ein prat med ungdomsarbeidarane som alltid er tilstades på klubbkveldane

  • Temakveldar

  • Gryterock


Ungdomsklubben samarbeider med lag og organisasjonar som driv ungdomsaktivitetar. Slike tilstellingar kan arrangerast i "Gryto"
Fredagstilbodet er for 9. klassetrinnet og oppover i alder.
 Faste klubbkveldar måndagar og onsdagar kl. 18.30-21.30. 
I tillegg tilbyr me ein aktivitetskveld i månaden. Sjå informasjon i "Gryto".
Sjå meir informasjon på linken Vangsgryto - Voss kommune .