Kvifor er det viktig å fange opp barn i risiko?

Trygg tilknytning vert rekna som ein av dei viktigaste beskyttelsesfaktorane for utvikling av god psykisk helse.

Om lag 35 prosent av barna antas å ha ein utrygg tilknyting, noko som igjen aukar risikoen for skjevutvikling. Tilknyting utviklar seg i løpet av det første året i barnet sitt liv, vert etablert når barnet er mellom 8 og 12 månader gamal, og handlar i hovudsak om kvaliteten på omsorgspersonene sitt samspel med barnet. Dersom foreldra har store psykiske vanskar, utøver vald eller ruser seg, står tilknytinga i fare. Barn som ikkje forventar omsorg frå sine foreldre, har gjerne vanskar med å stole på andre. Den grunnleggande mistilliten vert sjeldan løyst ved å prøve å endre åtferda til barnet. Barn med utrygg tilknyting får som regel ikkje tryggare tilknyting om dei har varme vaksne i barnehage og skule, eller støttekontakt, besøksheim eller liknande. Derfor må vi styrke foreldra med tiltak i familiane, slik at relasjonane vert styrka der skjevutviklinga starta.

Barn som veks opp med foreldre som strever med eiga psykisk helse i ein slik grad at det går utover dagleg fungering, har dobbelt så stor risiko som andre barn til å utvikle tilsvarande helseproblem som foreldra.

Psykiske vanskar kjenneteiknast av at dei påverkar våre tankar, følelsar, åtferd og sosial fungering. Dette kan påverke foreldrefungeringa negativt, til dømes ved at foreldra har liten energi til å ivareta barnet sine behov. Ein del foreldre strever med eiga fortid i form av erfaringer med kompliserte tap, oppleving av omsorgssvikt eller alvorlege traumar. Erfaringane ein bærer med seg pregar foreldrerollen, og ein handlar ofte på same måte som ein er vaksen opp med. Dersom ein ikkje har eit bevisst forhold til eigne erfaringar i oppveksten, kan dette naturleg nok føre til at ein sjølv utøver same omsorg som sine foreldre, på tross av at omsorga ikkje var hensiktsmessig. Samtidig er det viktig å huske at ikkje alle psykiske vanskar gir nedsett omsorgsevne, og foreldra sine vanskar må alltid sees i lys av aktuelle risikofaktorar og vernande faktorar.

Barn som veks opp med foreldre som misbrukar alkohold eller andre rusmiddel, vert ofte opptatt av å passe på dei vaksne og overkompenserer for foreldra sin manglar. 

Ein vaksen som brukar rusmiddel har ikkje tilstrekkeleg fokus på barnet sitt behov, og tilknytinga kan bli forstyrra. Dersom rusen får høgste prioritet i ein familie, bryt det med grunnleggande idear om kva foreldre skal vere for sine barn. Foreldra sine behov styrar barna sine behov. Barna sitt forhold til foreldra kan verte prega av skuffelsar, og barnet sin omsorgsbase kan verte opplevd som uføreseieleg og utrygg. Det er viktig å merke seg at det skjulte rusmisbruket, til dømes bruk av alkohol som sjølvmedisinering ved angst- eller depresjonslidingar, ofte er vanskelegare å oppdage enn det meir synlege misbruket av tyngre stoffar.  

Å vekse opp med vald i familien inneberer krenkelsar frå ein person som eigentleg skal vise kjærleik og omsorg, rokkar ved grunnleggande trygghet i heimen.

Vald i nære relasjonar, vert kjenneteikna av at valden føregår i det skjulte, at den gjentek seg, og at den føregår mellom personar som er gjensidig avhengig av kvarandre. Den valdsutsette bebreider ofte seg sjølv, og opplever skam og skyldfølelse. Mange vegrar seg for å gripe inn i det ein tolkar som private høve. Dette bidreg til at overgrepa kan haldast skjult for dei som kunne yte hjelp. Forsking visar at det er like skadeleg for eit barn å vere vitne til vald som sjølv å bli utsett for det. Når eit barn lever med vedvarande fare kan det bli rastløyst, hyperaktivt og sint, eller apatisk og passivt. Dersom barn har høy negativ emosjonell aktivering kan dette skade utviklinga av innlæring. Slike funksjonstap vil ha negativ innverknad på barnet sine sosiale evner og egen åtferdsregulering. Nokre problem vert dessverre ført synleg i vaksen alder.