Kva tenester finst, kva gjer dei og korleis får eg kontakt med dei?

Alarmtelefonen 116 111 er ein nødtelefon for barn og unge (og vaksne som er bekymra for eit barn)

Alle barn og unge skal ha eit nummer dei kan ringje når dei opplever vald i heimen, er utsett for overgrep, er redd for tvangsgifte eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar

  • Nødtelefonen 116 111 er gratis
  • Alle telefonar blir svara på av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge
  • Også vaksne som er uroa for barn og unge – eller har mistanke om at barn og unge vert utsett for vald og overgrep kan ringe Alarmtelefonen 116 111

Alarmtelefonen skal vere eit tillegg til eksisterande akuttberedskap for barn og unge. Det er 15 store barnevernvakter i Noreg. Det er dei som svarar når du ringer 116 111 i opningstida.
Alarmtelefonen er open når barneverntenesta har stengt frå kl. 1500 – 0800.
I helgar og på heilagdagar er Alarmtelefonen døgnopen.

Alarmtelefonen vil vurdere om det er behov for:

  • Hjelp her og no
  • Sende bekymringsmelding til barneverntenesta der du bur
  • Ta kontakt med andre hjelpeteneste
  • Gje råd om korleis du kan få hjelp frå andre
  • All kontakt vert registrert og skriven ned. Meir informasjon om alarmtelefonen finn du på www.116111.no

Helsestasjon og skulehelsetenesta

Voss helsestasjon - Uttrågata 15 - 5700 Voss

Telefon: 5653 3040 / Telefaks: 5651 9659

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ein del av kommunehelsetenesta som utfører planmessig helsefremjande og førebyggande helsearbeid for born 0-6 år, skuleborn 6-16 år, og for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.
 
Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivnad, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen, samt førebygge sjukdom og skade.
 
Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i kommunen.

Helsesøster har trefftid på alle skular i Voss kommune. Sjå informasjonsskrivet til skulen eller its learning for å finne ut kva tid helsesøster er å treffe på skulen.

Sjå meir informasjon på linken Helsestasjon og skulehelsetenesta - Voss kommune

Helsestasjon for ungdom.
Her møter du helsesøster, lege og psykolog som du kan snakke med om emne du er oppteken av. Tilbodet er gratis, og dei tilsette har teieplikt. Sjå meir informasjon på linken Helsestasjon for ungdom - Voss kommune . Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen på tlf 56 53 30 40.

Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT)

PPT-kontoret - Miltzowsgate 2 - 5700 Voss

Telefon: 56 51 47 80

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT) er ein stad der foreldre, skule- og barnehagepersonell, helsepersonell eller elevar kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for barn. Målgruppa for PP-tenester er barn og unge 0-16 år, og vaksne som har særlege opplæringsbehov. Tenesta er kommunal, og er heimla i Opplæringslova og i Barnehagelova. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.  

Sjå meir informasjon på linken Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT) - Voss kommune

Barneverntenesta

Besøksadresse: Regimentsvegen 158 på Tvildemoen
Postadresse: Voss Barnevernteneste - PB 43 - 5701 Voss
Telefon: 56 52 13 10
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldra som har ansvaret for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekkjer til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og høve til utvikling.

Eit overordna prinsipp for arbeidet til barnevernet er at tiltak som blir sette i gang, skal vere til beste for barnet. Dersom barn og foreldre har interesser som går mot kvarandre, er det omsynet til barnet som er avgjerande. Dette er nedfelt i barnevernloven.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barneverntenesta setje i verk hjelpetiltak for å betre situasjonen til barnet.

Barnevernet skal først og fremst gi hjelp og støtte til foreldre slik at dei sjølv skal kunne gi barna sine god omsorg. Hjelp og støtte kan ein for eksempel gi i form av ulike hjelpetiltak i heimen, avlastning, støttekontakt og barnehageplass.

Dersom hjelpetiltaka ikkje er tilstrekkeleg for å dekkje behova til barnet, har barnevernet òg eit ansvar for å gripe inn. Det kan for eksempel vere nødvendig å finne ein god plass utanfor heimen der barnet kan vere i ein kortare eller lengre periode. Det kan skje med eller utan samtykke frå foreldra. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast eit vedtak om dette i fylkesnemnda for sosiale saker.

Det er barneverntenesta i kommunen som først undersøkjer om eit barn eller ein familie treng hjelp og støtte. Mange undersøkingar kjem i gang etter at foreldra har kontakta barnevernet, og mange ungdommar tek kontakt sjølv. Barnevernet blir òg kontakta av andre instansar og av privatpersonar som er bekymra for situasjonen til eit barn.

Sjå meir informasjon på linken Barneverntenesta - Voss kommune

Flyktningetenesta

Besøksadresse: Magasinvegen 35, 5705 Voss
Postadresse: Boks 145, 5701 Voss
Telefon: 56 52 32 12
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av busetting av flyktningar etter avtale med IMDI
  • Koordinering og gjennomføring av introduksjonsprogram
  • Oppfølging av personar og familiar som er busett etter avtale, og familiegjenforeinte med desse

Flyktningtenesta har eit overordna ansvar for at busette flyktningar får tilgang til dei tenestene dei har trong for i dei 5 fyrste åra dei er busett i kommunen. Dei tilsette er tett på flyktningane, og har mange samtalar med dei om det den einskilde synst er vanskeleg i integreringa i eit nytt samfunn. Tenesta har eit breidt samarbeid med dei fleste kommunale tenester, og kan vere ein formidlar av kontakt og kunnskap i det kommunale apparatet.

Sjå meir informasjon på linken Integrering og vaksenopplæring, Voss kommune.

Rus- og psykiatritenesta

Besøksadresse: Uttrågata 16 – 5700 Voss
Postadresse: Rus- og psykiatritenesta, PB 43 - 5701 Voss

Rus- og psykiatritenesta gir både lovpålagte og ikkje lovpålagte tenester til innbyggarar i Voss kommune. Det vert gitt tenester gjennom heile livsløpet, frå svangerskap og til livets slutt. Tenestene kan gis i ein kort periode i forbindelse med ein livskrise eller ein mild psykisk liding, eller i lenger periodar dersom det er ein alvorleg psykisk liding eller rusavhengighet. Avdelinga gir behandling og driv førebyggjande arbeid.

Lovpålagt tilbod:
Avdelinga kan administrere medisinar, gi støttesamtaler, tilbod i gruppe og hjelp til å organisere kvardagen. Med organisering av kvardagen meiner vi generelle rutinar knytt til hushald, innkjøp av matvarer, økonomi og anna.

Ikkje lovpålagt tilbod:
Dagsenteret Oasen:
Dette er eit tilbod til menneske med psykiske lidingar og lett rusavhengighet. Det er opent måndag til fredag frå kl 10.00-15.00. Siste torsdag kvar månad er det kafé frå kl 15.00-18.00.

Grupper:

  • Kurs i mestring av depresjon (KID)
  • Gruppe for angst og depresjon
  • Fysisk aktivitet
  • Sjølvhjelpsgruppe
  • Pårørandegruppe
  • Rusgruppe

Førebyggande arbeid:

  • Barn og unge som veks opp med pårørande som har psykisk liding og/eller rusavhengighet
  • Førebygge drop ut fra vidaregåande skule

Sjå meir informasjon på linken Tenester innan rus og psykiatri - Voss kommune .

NAV

Besøksadresse: Tinghuset, Uttrågata 9, 5700 Voss
Opningstider: 09:00 -15:00
Telefon: 55 55 33 33 kl 08:00 – 15:30

«Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen» regulerer fem individuelle tenester; opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad, mellombelsbustadtilbod, individuell plan og kvalifiseringsprogrammet. Desse tenestene er ein del av kommunen sitt velferdsansvar overfor innbyggjarane. NAV-kontoret skal ivareta brukarane si heilskaplege
trong for hjelp, og skal tilby ei individuelt tilpassa oppfølging med dei tenestene, tiltaka og verkemidla som kontoret rår over. Dei sosiale tenestene er såleis ein del av den «virkemiddelpakka» som NAV-kontoret har til rådvelde ved oppfølging av kvar einskild brukar. Føremålet med lova er å betre levekåra for vanskelegstilte, medverka til sosial og økonomisk tryggleik, fremja overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Særleg fokus på barn
Den nye lova har eit sterkare fokus på tilhøva for utsette barn og unge enn den gamle lova. Som ein del av føremålsparagrafen, heiter det no at lova skal medverke til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Barn og unge er særleg sårbare i vanskelege situasjonar, og NAV må difor syta for at deira
behov blir ivaretekne i familien sitt møte med NAV -kontoret.

Sjå meir informasjon på linken www.nav.no

Psykisk helsevern for barn og unge - BUP Voss

Besøksadresse: Voss sjukehus – BUP Voss - Sjukehusvegen 16 – 5704 Voss
Telefon: 56 53 35 35

Kva er ein BUP?
Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklare sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.

Tilvising
For å få hjelp frå BUP treng ein tilvising frå fastlege, barnevernleiar eller psykolog. Alle tilvisingar til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge går til nærmaste poliklinikk, med mindre det går fram av tilvisinga at pasient eller pårørande har nytta seg av rett til fritt sjukehusval.

Pasientar med rett til prioritert helsehjelp får brev om dette, med frist for oppstart. Alle tilvisingar skal vera behandla innan ti verkedagar.

BUP tilbyr evidensbasert behandling så langt det er mogleg. Dette betyr at behandlingsmetodane er basert på forsking.

Utgreiing

  • Generell utgreiing
  • Spesialisert utgreiing (til dømes nevropsykologisk utgreiing)

Behandling

  • Individuell behandling
  • Familiebehandling
  • Gruppebasert behandling
  • Medikamentell behandling

Konsultasjon og rettleiing
BUP er ei spesialisert helseteneste som kan gi råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, helsesøstrer, barnevernstenester og barnehagar.
Sjå meir informasjon på linken bupbarn.no

SMISO - Hordaland

Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland

St. Jakobsplass 9
, 5008 Bergen

Telefon: 55 90 49 90 - Du ringer anonymt, vi kan ikkje sjå nummeret til dei som ringer oss. 

Mobil (tekstmeldingar/SMS): 9085 3569 - NB! Berre for tekstmeldingar/SMS

Døgnopen telefon for incest- og seksuelt misbrukte og dei pårørande.
Grønt nummer: 800 57 000 - Vert betjent av Incestsenteret i Vestfold

Kva er SMISO?
SMISO - Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland er eit senter for ungdom, menn og kvinner som har opplevd seksuelle overgrep. Senteret har også tilbod til pårørande.
SMISO Hordaland tilbyr hjelp til sjølvhjelp og gir råd og rettleiing i ein bearbeidingsprosess. Senteret er et lågterskeltilbod og det trengs ingen tilvising for å nytta tilbodet.

SMISO Hordaland er ei privat stifting som vert driven med offentlege midlar og gir tilbod til alle kommunar i Hordaland. Voss kommune har ein samarbeidsavtale med SMISO-Hordaland.


Sjå meir informasjon på SMISO si heimeside SMISO Hordaland

Alternativ til vold - ATV

Besøksadresse: Øvre Dreggsalmenning 6, 5003 Bergen 

Postadresse: Øvre Dreggsalmenning 6, 5003 Bergen
Telefon: 55 60 31 99
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


Kva er ATV?
Alternativ til Vold (ATV) er eit kompetanse- og behandlingssenter på vold, med særleg fokus på vald i nære relasjonar. ATV Bergen kan gi tilbod til heile familien; kvinner, menn og barn, der det er/har vore valdsproblematikk. 

Sjå meir informasjon på ATV si heimeside Stiftelsen Alternativ til Vold - ATV Behandlings- og kompetansesenter på vold i nære relasjonar

Krisesenter i Bergen

Telefon 55 31 50 50

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som vert ramma. Dei tilsette ved krisesenteret kan tilby:

  • eit menneske som lyttar til det du vil fortelja
  • informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte etter avtale
  • eit mellombels butilbod for deg og barna dine
  • hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Krisesenteret skal tilby eit bu- og omsorgstilbod, der ein person sitt behov for tryggleik og nødvendig hjelp av praktisk og omsorgsmessig karakter vert ivareteken.  Verksemda har låg terskel for at ein i alle fall skal få "ei seng for natta" og naudsynt omsorg og støtte.  Kvinner og menn sine overnattingsplassar er åtskilt i ulike hus.

I tillegg til kvinner, barn og menn som er utsett for vald i nære relasjonar, gir krisesenteret i Bergen også tilbod til kvinner som har vore utsett for valdtekt, og til dei som kan vera utsett for menneskehandel og tvangsekteskap.
Krisesenteret skal ha eit særleg fokus på barna i familiar kor det vert utøvd vald.

Bergen er vertskommune for senteret, som også gir tilbod til personer i kommunane rundt Bergen (deriblant Voss) og til personar frå øvrige kommunar som midlertidig oppheld seg i Bergen.
Alle tilsette ved krisesenteret har lovpålagt teieplikt.

Sjå meir informasjon på heimesida Bergen kommune - Beskyttelse og bistand i forbindelse med vold (krisesenter)

Legevakt

Voss sjukehus – Legevakta - Sjukehusvegen 16 – 5704 Voss
Nasjonalt legevaktsnummer: 116 117
Når du ringjer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.

Lokalt legevaktsnummer: 56 51 30 00 / naudnummer 113

Kva kan legevakta gjera for deg ?

Legevakta skal tilby hjelp til dei som ikkje kan vente når fastlegekontoret er stengt. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113.

Dei fleste stadar i landet  er det forventa at du ringjer legevaktsentralen for vurdering for gjera avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.

Personar som har vore utsett for vald eller overgrep kan kome i følgje med politiet eller åleine. Eventuelle skader vert behandla og dokumentert. Etter eit overgrep er det viktig å få hjelp så snart som mogleg.

Sjå meir informasjon på linken Legevakt - Voss kommune

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt

Solheimsgaten 9, 
5058 Bergen


Telefon: 55568760

Ope heile døgnet, alle dagar

Tek imot personar som er utsett for seksuelt overgrep. Tilbodet gjeld både for kvinner og menn og er uavhengig av om saken vert meldt til politiet. Du kan sjølv bestemme om du vil ta imot heile tilbodet eller berre delar av det.
Sjå meir informasjon på heimesida Bergen kommune - Voldtektsmottaket.

Voss lensmannskontor

Besøksadresse: Hardangervegen 6

Postadresse: Postboks 100, 5701 Voss
Telefon: 56 52 87 00 / 02800 / naudnummer 112

Telefaks: 56 52 87 49


E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. (e-post vert opna kvardagar 8 - 15)

Politiet rykker ut ved melding om vald i nære relasjonar. Dei sikrar spor og gjer avhøyr av partane som er tilstades. I alvorlege hendingar vert gjerningspersonen pågrepet og satt i arrest, eller bortvist frå heimen. Når barn er involvert skal desse avhøyrast på Barnehuset. Politiet og barneverntenesta kan også snakke med barnet på staden. Politiet kan melde vald uavhengig av om nokon av partane ber om det (offentleg påtale). Politiet kontaktar barneverntenesta og føl eventuelt til lege, sjukehus eller krisesenter. Politiet avsluttar straffesaken etter at spørsmål om straffereaksjon er avgjort. Beskyttelses tiltak av typen besøksforbod, valdsalarm og sperra adresse kan administrerast av politiet i lang tid.

Sjå meir informasjon på linken Politi.no - Vold i nære relasjoner