Kva signal bør eg sjå etter?

Oversikta viser nokre av dei signala små barn gjev som teikn på at noko er gale. Signala kan i periodar variera, inntreffa åleine eller i kombinasjon med kvarandre. Barn som lever i risikofamiliar kan visa diffuse signal. Nokon er også i overkant ansvarlege og dyktige til å tilpassa seg. Kvart enkelt barn må vurderast individuelt. Det er ekstra viktig å følgja godt med om barnet endrar åtferd og endringa varer ved. Det er ikkje lett å vita om vanskane barnet viser heng saman med noko spesielt det har opplevd, om det er forbigåande, eller er utrykk for generelle vanskar i familien

Teikn til bekymring hjå barnet:

  • Engsteleg, lettskremd, trist
  • Manglande mimikk
  • Konsentrasjonsproblem, vanskar med søvn
  • Framstår som innelukka, ulukkeleg, nedtrykt, apatisk, trist
  • Klagar over fysiske smerter (hovud- og/eller magesmerter)
  • Ekstremt pliktoppfyllande
  • Overdreven ansvarleg og dyktig å tilpassa seg
  • Umotivert gråt og angstreaksjonar
  • Fysiske symptom (td. unaturleg sår, merke eller underlivssmerter, problem med tannpuss, vanskar med å eta, store og/eller tilbakevendande bleieutslett)
  • Sjølvskadande åtferd
  • Hjelpeløyse, passivitet, tausheit og isolasjon
  • Ufrivillig vasslating
  • Ikkje adekvat vekst utan biologisk årsak. Ekstrem svolt. Sterk- over eller undervekt
  • Ofte lite tenleg påkledning i høve årstida
  • Forsømt hygiene, uvaska, skitne klede, ustelt, dårleg tannhelse
  • Påfallande seksuell åtferd, til dømes i leik
  • Manglande oppfølging av kontrollar på helsestasjon eller naudsynt medisinsk behandling

Særlege teikn hjå barn opp til to år:

  • Anspent, passiv, eller tilbaketrekt
  • Vanskeleg å regulera søvn, mat, merksemd og stimulering
  • Utforskar omverden utan å søkja støtte og anerkjenning frå vaksne
  • Utrøysteleg, skriketokter, panikkanfall
  • Utrygg
  • Hovuddunking
  • Vanskar i overgangssituasjonar over tid

Teikn ved samspel med foreldre

  • Konfliktfullt samspel
  • Barnet er ekstemt oppteken av foreldra
  • Barnet søkjer ikkje trøyst hjå foreldra der det elles er naturleg
  • Barnet reagerer ikkje på at foreldra går ifrå det, eller hyler/klenger meir enn det som er vanleg, eller verkar redd foreldra sine
  • Barnet eller foreldra framstår avvisande eller ikkje interessert i kvarandre
  • Foreldra er meir opptatt av eigne behov enn barnet sine
  • Foreldra er lite merksame og manglar medkjensle
  • Mykje irritasjon og sinne mot barnet

Teikn hjå foreldra:

  • Ekstremt opptatt av seg sjølv
  • Lar ofte andre henta barnet, eller har lita tid til barnet
  • Mangel på tilsyn av barnet
  • Unnvikande kontakt med personalet, er vanskeleg å få tak i, deltek ikkje på arrangement eller liknande
  • Urealistiske forventningar til barnet sin kompetanse og behov
  • Opptrer truande
  • Fysisk eller psykisk sjukdom eller belastning
  • Problem med å beskriva barnet 
  • Konfliktfullt tilhøve mellom foreldra
  • Møter påverka av rus i barnehagen