Kva er mitt ansvar?

Verksemder som har ansvaret for å fanga opp, kan også ha oppfølgingsansvar, som for eksempel helsestasjonen. Den tilsette som først kjem i kontakt med familien har ikkje alltid høve til å kartleggja tilstrekkeleg, derfor held kartlegginga fram der familien skal følgjast opp. Det er viktig å finna ut om aktørane tek imot hjelp frå andre tenester, korleis tiltaka fungerer og på kva måte hjelparane kan samarbeida. Fordi det kan vera nødvendig å få hjelp til å vurdera barnet sin omsorgssituasjon, er barneverntenesta ein viktig samarbeidspartar. I tillegg til, og ofte samtidig som barneverntenesta arbeider, kan også andre aktørar vera aktuelle. Det finns også eksterne samarbeidspartar. I nokre saker vil det også vera behov for tenester utanfor kommunen.

1. Kva er mitt ansvar?

  • Du har sjølv ansvar for å ta kontakt med samarbeidspartar dersom du er bekymra for eit barn og vurderer at samarbeid er nødvendig.
  • Du har ansvar for å innhenta samtykke i saker der dette er tenleg, slik at teieplikta ikkje vert eit hinder for samarbeid.
  • Du skal halda fram å arbeida i saka sjølv om du har meldt den vidare

Dersom du er koordinator for samhandlinga i familien er du ansvarleg for:

  • Å halda kontakt med familien, samt sikra brukarmedverknad.
  • Å vera kontaktperson for dei andre aktørane i nettverket
  • Å sikra samanheng og oversikt over eksisterande tiltak i familien.
  • Å kalla inn til samarbeidsmøte.
  • Hugs å sikra at ein annan koordinator tek over dersom du trekkjer deg ut.
  • Hugs evaluering undervegs! Er tiltaka til hjelp?

2. Kva er eit ansvar undervegs?

Familiar kan oppleva det å måtta ha kontakt med mange aktørar samtidig som ein stor belastning. Det ideelle burde vera ein fast kontaktperson som følgjer barnet og omsorgspersonane i familiar som treng fleire tenester samtidig over lang tid. I praksis kan det vera vanskeleg å få til ein slik person, men vårt ansvar er å skapa glidande overgangar i den pågåande handlingskjeda.

I overgangssituasjonar mellom ulike instansar eller personar kan innsatsen eller koordineringa svikta, ofte fordi den som overtek ikkje er godt nok orientert om familien sin situasjon. For å unngå slike brot i oppfølginga, og for å leggja til rette for smidige overgangar med overlapping av informasjon og utprøvde tiltak, er ansvaret undervegs avgjerande.

Ansvar undervegs betyr at kvar enkelt person og kvart tenesteområde har eit ansvar som strekker seg lenger enn til berre å «senda saka vidare».

Ansvar undervegs er å halda fram med eigen innsats i saka til det er avklara om - og på kva måte - dei som fanga opp skal samarbeida med dei som følgjer opp.