Kva bør evalueringa gje svar på?

Like viktig som å fanga opp dei som strevar og å setja i gang tiltak, er evaluering av det ein har gjort. Ein bør evaluera fortløpande i etterkant av kvart tiltak.

Evalueringa bør gje svar på:

  • Korleis går det med barnet si utvikling og trivsel?
  • Har dei tilhøve som i utgangspunktet gav grunn til bekymring endra seg?
  • Er dei rette personar/tenester blitt involvert rundt barnet og familien, og kven andre kunne/burde vore involvert?
  • Korleis har samarbeidet mellom foreldre og barnehagen/andre tenester vore?
  • Har det skjedd endringar i barnet / familien sin situasjon?
  • Kva går bra? Kva bør endrast?
  • Kva har eg(den enkelte foreldre eller teneste)mangla?
  • Dersom tiltaket eller samarbeidet vert opplevd som mangelfullt, er det den enkelte sitt ansvar å bringa informasjon om dette til rette, involverte instansar.

Hugseliste:

  • Har eg skrive ned bekymringa konkret nok?
  • Har eg sjekka bekymrings signala opp mot risiko- og beskyttande faktorar?
  • Har eg drøfta med leiaren min?
  • Har eg drøfta bekymringa med andre fagpersonar?
  • Har eg snakka med foreldra og barnet?
  • Har vi evaluert det vi har gjort undervegs?
  • Veit vi kven som skal følgja opp familien vidare?