Korleis snakkar eg med foreldre/føresette ?

Det kan opplevast vanskeleg å ha ein samtale med foreldre om bekymring for deira barn. Det er forståeleg, men samtalen med foreldra er i dei fleste høve heilt nødvendig for å kunna identifisera barnet sine problem. Her er nokre tips til korleis samtalen kan planleggjast og gjennomførast for at det skal vera enklare å få til eit konstruktivt samarbeid med foreldra.

Førebuing

Kven skal delta?
• Vurder kven det er relevant å ha med i sjølve samtalen; begge foreldra samla eller kvar for seg?
• De bør alltid vera to tilstades i den nødvendige samtalen, og den eine av dykk bør vera leiaren.
• Unngå å stilla med fleire enn to personar på møtet.
• Er det trong for tolk?

Innhald
• Førebu dykk på innhaldet. Kva er målet med samtalen?
• Tenk over om det er noko de fryktar kan skje.
• Øv dykk på førehand i å finna ord, setningar og formuleringar som er både respektfulle og imøtekomande, utan at de vert upresise.
• Avklar rollar i møtet på førehand.

Sjølve samtalen

Velkomen
• Ynskja foreldra velkomne og anerkjenn dei for frammøte.
• Gjennomgå rammene for møtet(dagsorden og tidsplan).
• Orienter om at det vert skrive notat frå samtalen, og at foreldra får kopi av denne.
Presenter og drøft bekymringa
• Hugs at det er ei bekymring de skal formidla-ikkje anklage. Det er viktig at de ikkje på førehand har bestemt kva problemet består i. Ver nysgjerrige og lyttande.
• Beskriv bekymringa; konkrete observasjonar og kor lenge det har vart(unngå å sitera barnet direkte av omsyn til barnet sin lojalitet overfor foreldra).
• Spør foreldra om dei kjenner igjen observasjonane dei har gjort. Gje rom for foreldra sine synspunkt og opplevingar. Kva er deira bekymring?
• Gje rom for tenkjepausar.
• Hald fokus på barnet, men ver open for at barnet sin manglande trivsel kan ha samanheng med eventuelle vanskar i familien(fysisk sjukdom, psykiatri, rus, alkohol, skilsmål osb.).
Avslutning
• Spør foreldra korleis dei opplevde samtalen. På den måten kan de få eit bilde av korleis foreldra har forstått bekymringa og bodskapen i samtalen.
• Summer opp.
• Avtal kva endringar de ynskjer skal skje og kven som gjer kva. Presiser kva de må gjera viss ikkje dei ønska endringane skjer .
• Avtal korleis barnet skal orienterast om samtalen.
• Avtal eventuelt eit oppfølgingsmøte.

Etterarbeid og refleksjon

• Skriv referat
• Fekk vi formidla det vi ville?
• Fekk vi etablert eit godt samarbeid?
• Er vi meir eller mindre bekymra?
• Har vi laga ein plan som sikrar god oppfølging?
• Gje kvarandre tilbakemelding på kva som fungerte og ikkje fungerte.
• Korleis har vi det no?

Reaksjonar

Dersom foreldra blir sinte og kjemi forsvar-prøv å behalda roen og gje dei tid til å gje uttrykk for frustrasjonen. Når det passar, vend tilbake til tema i samtalen.

Ved truslar eller vald

Det førekjem sjeldan truslar i samtalar med foreldre. Dersom personalet skulle bli trua, skal det straks meldast frå til verksemda sin leiar, og denne skal vurdera om episoden skal meldast til politiet. Sørg alltid for å notera ned kva som har skjedd og kva som er sagt så nøyaktig og detaljert som mogleg.