Korleis snakkar eg med barn

Å snakka med barn om vanskelege tema krev trygge vaksne. Dei vaksne må ta barnet på alvor slik at dei opplever å bli møtt med respekt. Barn snakkar best med vaksne dei kjenner godt. Viss det er fleire hjelparar involvert, er det viktig at dei samarbeider slik at den som har best relasjon til barnet snakkar med det. Samtalen kan oppstå spontant i samband med at barnet plutseleg fortel noko viktig, eller den kan vera planlagt på grunnlag av noko ein har høyrt barnet fortelja.

Generelt:

Barn som opplever omsorgssvikt, vald eller andre negative hendingar kan gje uttrykk for dette på ulike måtar. Nokon gonger fortel barnet spontant. Ord kan koma enkeltvis, andre gonger seier barnet ingenting. Kroppsspråk eller åtferd som endrast, er også kommunikasjon. Det er viktig å sjå utsegn eller åtferd i lys av risikofaktorar og beskyttande faktorar i barnet sitt liv, og vurdera ulike måtar å forstå det barnet uttrykkjer. Våre eigne haldningar, tidlegare forståing og erfaringar, samt kunnskap om barnet pregar vår måte å analysera situasjonen.

Det er nyttig å prøva å setja seg inn i barnet sin situasjon og ta det sitt perspektiv. »Kva skjer når eg har fortalt dette?» »Har eg svikta mamma og pappa?» Tenk om dei blir sinte på meg ?» Det er viktig å ha god allianse med barnet, men også med foreldra. På den måten kan vi unngå at barnet opplever lojalitetskonflikt.

Det kan vera vanskeleg å vita korleis ein som tilsett skal leggja til rette for ein samtale med barnet på ein måte som gjer det mogleg å ta opp eit tema på ein forsvarleg måte, for eksempel i barnehagen. Dersom ein er i tvil om dette, kan ein eventuelt rådføra seg med barneverntenesta eller andre aktuelle drøftingspartar.

Nokre tips til samtalen:

  • Ver roleg og ta imot det barnet seier.
  • Ikkje lov barnet at dette blir noko hemmeleg mellom deg og barnet. Forklar at du må sei frå til andre vaksne dersom det er nødvendig for å ta barnet i vare.
  • Bekreft kjensler: «Eg høyrer at du vart lei deg då….?»
  • Ikkje spør direkte kva barnet følte midt i ein historie, det kan vera avsporing.
  • Bekreft det barnet har sagt. Sikra at barnet blir tatt på alvor, vis interesse for det som blir sagt.
  • Gje barnet gode pausar – ikkje avbryt.
  • Sei «Kan du fortelja meir om det du sa?» og «Kva skjedde da du ….?» Unngå spørsmål som barnet kan svara « ja» og «nei» på.
  • Dersom barnet formidlar skuld, er det viktig å halda fokus på at barnet gjorde det beste det kunne i situasjonen.
  • Ver merksam på at barnet faktisk kan oppleva å få det verre etter samtalen, fordi konsekvensane av samtalen kan bli annleis enn kva barnet hadde sett for seg på førehand.
  • Ver klar til å avslutta samtalen når du eventuelt har fått nok informasjon til å overlata oppfølginga til barneverntenesta. Marker ein avslutning og summer opp. Gje barnet alternativ til å kunna snakka meir. Forklar barnet kva som vil skje vidare dersom det er mogleg.
  • Snakk med næraste leiar for å avklara kva de gjer vidare med informasjonen.
  • Følg rutinar for eventuell kontakt/melding til barneverntenesta.
  • Pass på at samtalen ikkje drar ut i tid.