Politisk organisering for Voss herad

Fredag 5. april 2019 handsama Fellesnemnda den politiske organiseringa for Voss herad.

Etter å ha gjennomgått dokumentet for den politiske organiseringa, der representantane kom med enkelte merknader og endringar vart framtidig politisk organisering for Voss herad samrøystes vedtatt.

Den politiske organiseringa kan du lese her: https://www.vossherad.no/dokument/referat/politisk-organisering-voss-herad 

Vidare vart det vedtatt å setje ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide etiske retningsliner for folkevalde, og retningsliner for informasjonsflyt mellom folkevalde og administrasjon i Voss herad. Arbeidsgruppa er så langt sett saman av fyljande: Prosjektrådmann, Arild McClellan Steine, Leiar i Fellesnemnda, Hans-Erik Ringkjøb og representant i Fellesnemnda, Elin Seim. I tillegg skal kommunestyret på Voss velje 2 medlemar og heradstyret i Granvin ein medlem til arbeidsgruppa.

Det er det nye heradsstyret som gjer endeleg vedtak i saka.