Nytt ordførarkjede

Når Voss og Granvin går saman og vert Voss herad, skal det lagast nytt ordførarkjede. Dei to me har er som kunstverk å rekna, så dei skal takast vare på som ein del av historia vår.

 

Begge ordførarkjeda har i seg ulike motiv, til dømes Vangskyrkja og Dinglo og Danglo frå Voss og tømmerstokk og ein aure frå Granvin.

Når det no skal lagast nytt, kan me ta med motiv me har brukt tidlegare, eller det kan koma idéar til heilt nye. For å finna fram til dei ulike motiva eller symbola, treng me hjelp, og då spør me kva du meiner er viktige symbol for det nye heradet? Det me veit, er at sjølve heradsvåpenet vert hardingfela, i sylv på raud botn.

No inviterar me deg til å koma med dine innspel. Kva symbol meiner du høyrer heime på ordførarkjedet til Voss herad?

Send innspela på epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 1.november.