Høyring - Økonomiplan 2020-2023 og årsbudsjett for 2020

Framlegg til Økonomiplan 2020-2023 og årsbudsjett for 2020 er historisk. Det er den fyrste økonomiske planen for Voss herad, og her finn du https://pub.framsikt.net/2020/voss/bm-2020-økonomiplan_2020-2023_med_årsbudsjett_2020/

Etter at rådmannen har presentert sitt framlegg til budsjett, jobbar Formannskapet vidare med planen. Formannskapet si innstilling til økonomiplan for 2020-2023 og årsbudsjett for 2020, omfattar rådmannen sitt framlegg i tillegg til framlegg til endringar og tillegg. Formannskapet legg si innstilling til budsjett ut på offentleg høyring. I denne runden blir forslaget presentert og diskutert i møte med politiske utval og eventuelt andre interessentar. Alle vert invitert til å koma med innspel. Formannskapet si innstilling med endringar og tillegg finn du her: https://www.vossherad.no/dokument/okonomiplan-2020-2023-med-arsbudsjett-2020

Frist for uttalar er: 5. desember 2019, og skal merkast med «Høyring budsjett 2020».

Uttalar til framlegget av økonomiplan og budsjett kan sendast til: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller

Voss herad

PB.145

5701 Voss

Til slutt er det folkevalde sine prioriteringar og vedtak i heradsstyre som avgjer kva som blir Voss herad sine økonomiske rammer for dei fire neste åra.